Friluftsliv for alle, året rundt
Friluftsforeninga sitt barneturlaget var ein av fire testamentsarvingar etter Magne Haugen som døde i 2016. Magne Haugen ønskte at arven skal gå til gode opplevingar for barn og unge i Volda/Ørsta. Magne Haugen vaks opp i Ørsta kommune, men flytta til Molde og budde det meste av sitt vaksne liv der. Han vart 71 år.
Haugen ønskte å testamentere det meste av det han etterlot seg til fire organisasjonar som har tilbod til barn og unge. Han var opptatt av at barn frå vanskelegstilte familier skal få gode opplevingar. Dei tre andre organsisasjonane er Ørsta Røde Kors, Norges Røde Kors («Ferie for alle») og Opplevelseskortet.
Saka om testamentet gjekk gjennom rettsapparatet i okt -18, før det endeleg vart konstatert at det var gyldig og dermed skal leggast til grunn. I mai 2019 vart arveoppgjeret avslutta og kvar av testamentsarvingane mottok 3,8 mill. Vi tek i mot dette med ærefrykt og vil forvalte det på best mogleg måte for barn og unge i Volda/Ørsta. Vi rettar ei stor takk til Magne Haugen for gåva!