Friluftsforeninga har svært rimeleg kontingent: kr. 250 pr. år, og det er for heile familien!
Slik blir du medlem:
- Meld deg inn via Spond ved å følge denne lenka. Når du har meldt deg inn, får du tilsendt krav på SMS/e-post. ELLER:
- Send e-post til bjorg.flo@gmail.com, så får du e-post med lenke til Spond. ELLER:
- Betal med Vipps. Legg inn e-postadresse og namn.
Kva får du att?
- Du kan vere med på arrangement som t.d. mandagsturar, dameskikveldar, barne-/familieaktivitetar, hausttur
- Du støttar arbeidet vårt med å legge til rette for friluftsliv. Vi ryddar og merkar turstiar, set opp skilt og turtavler
- Vi har vore sterkt delaktig i opparbeiding av Stadionparken
- Vi støttar drifta av BUA Volda (utlånsentralen) med ein fast sum pr. år, og vi har donert alt utstyr vi hadde dit
- Vi samarbeider med kommunen om StikkUT! der vi m.a. bidreg med å legge turane på morotur.no, merkar rutene og får opp kodelappar
- Vi gir støtte til aktivitetar som vanskelegstilte barn og unge kan ha glede av (Magne Haugens minnefond)
Som medlem i Friluftsforeninga Volda, støtter du arbeidet vårt. I tillegg får du delta på aktivitetar som er berre for medlemar. Det er sjølvsagt fint om du også vil delta på dugnadar, men det følger ingen forpliktingar med medlemskapen.
Slik betalar du medlemskap
Slik gir du gåve til Friluftsforeninga Volda