Friluftsliv for alle, året rundt
Friluftsforeninga tilbyr skikveldar for damer. Kvar mandagskveld, så sant det er skiføre, disponerer vi familietrekket på Volda skisenter frå kl. 18.30-21.00.
Kontaktpersonar: Eli-Mette Lüthcke, tlf.: 48258524 og Runa Bakke, tlf.: 91621147
Lurer du på om det er skiføre? Sjekk voldaskisenter.no eller friluftsforeninga si fb-side
Damekveldane passar godt for deg som er usikker på ski, for deg som ønsker å trene i trygge omgjevnader og for deg som har lyst til å renne på ski i lag med andre damer. Du vil få råd og rettleiing om du ønsker det, og vi hjelper kvarandre.
Familietrekket/familiebakken
Bakken er 300 m. lang, nokså slak og med litt meir stigning øvst. Den passar fint for nybyrjarar og elles alle som ønsker å øve seg på ski. Vi tilpassar farta i trekket slik at du skal kjenne deg trygg når du tek det.
Medlemstilbod
Damekveldar på ski er eit medlemstilbod for damer over 18 år. Du må altså betale medlemskontingent for å vere med på dette (familiemedlemskap: kr. 250/år). NB! Du kan få ein prøvekveld dersom du lurer på om dette er noko for deg.
Betaling
Medlemsavgift på kr. 250 til Friluftsforeninga + BETALING TIL SKISENTERET (her kjem informasjon)
Vi vonar du får mange trivelege skiopplevingar på dameskikveldane på Reset!