Skogsprinsessa var i Volda!

Eventyret om skogsprinsessa gjekk føre seg i skogen kring Prestesætra23. 0g 24. august. Mange møtte opp for å få med seg dette vandreteateret som var sett opp av Eventyr i parken. Fire forestillingar var utselde så dette var suksess. Det var kjekt, spanande, kanskje også litt nifst innimellom? 😉 Men det enda godt. Alle vart vener og prinsessa vart krona til dronning.

Her kan du lese meir om eventyret: Sidan eldgamle tider har skogsalvane passa på skogen vår og dei som bur i den. Dei passar på at jorda er frisk, lufta rein og at dyr og insekt gjer det dei skal. No er det skogsprinsesse Alva si tur til å bli dronning, noko ho har førebudd seg på i alle år. Men… alt går ikkje som tenkt på kroningsdagen. Rykte og vonde tankar spreier seg i skogen, kor kjem dette mørkret frå? Skogen prøvar å ordne opp så godt den kan, men treng hjelp frå nokon med eit vakent blikk: menneska.

Eventyret var støtta av Friluftsforeninga V/MAGNE HAUGENS MINNEFOND, SPAREBANKEN VEST, SPAREBANKEN MØRE, SPAREBANK1 SMN, KULTURMIDLAR FRÅ VOLDA KOMMUNE, SELON EVENT. Kristian Glomnes Selon var initiativtakar til å få dette til Volda og fortener ein særskilt takk.

Aktivitetar