Mandagstur 19. august til Fyrdsheida

Sommarpausa er over og vi er i gang igjen. Turen var planlagt å gå til Fyrdsheida i Austefjorden. Det hadde vore mykje regn dagane før og vi to som møtte i Volda fann ut at vi ville ta ein annan tur sidan vi mistenkte at det var veldig vått delar av turen til Fyrdsheida. Turen vart difor lagt til Høgåsen i Hjartåbygda. Vi tok ein litt annan nedgang enn vanleg; nemleg til Vadstein. Stien er ikkje veldig tydeleg, men absolutt mulig å følge. Vel nede ved vatnet, valde vi å følge ein skogsveg som etter kvart gjekk over i skog. Men vi ruska oss vidare og kom oss gjennom og tilbake til starta. Vel fornøgde med ny rute, blåbær i magen og sopp i hetta 🙂 Ein turdeltakar hadde møtt i Austefjorden og gjennomførte turen til Fyrdsheida.

Aktivitetar