Friluftsliv for alle, året rundt
Årets første mandagstur gjekk i Sande kommune. Vi starta på høgste punktet på Drageskaret og gjekk vestover, først til Storehornet (271 moh) og så vidare til Nupatinden (242 moh). Ein forholdsvis enkel tur med lite stigning og med flott utsikt! Men tåka som låg under oss, tok litt av utsikta. Kjekt med ein del nye mandagsturgåarar. Vi var 11 på tur denne fine kvelden. Turomtale her: https://morotur.no/tur/Nupatinden