Friluftsliv for alle, året rundt
Turleiar denne mandagen var Sonja Håvik. Sonja er godt kjent i Austefjorden og tok oss med på ein flott tur til Måsegga,- ei skjult perle. Det var nydeleg ver og dei 11 som var med, hadde ein fantastisk fin kveld. Turen starta ved Skinnviksætra, ca. 350 moh., så gjekk det delvis på sti og delvis utan sti opp til Måsegga. Turen er på litt over 600 høgdemeter, altså ein litt krevande tur. Du får god løn for strevet for utsikta er virkelig flott!