Mandagstur 16. september til Klovvatnet

Vi tok turen til Sande kommune. Turmålet var Klovvatnet frå Sædalen, men dette vart for langt så seint på hausten, så vi stoppa på Høgehornet. Då hadde vi først vore innom Vatthornet. På returen gjekk vi ned til Sædalsvatnet og gjekk vegen langs vatnet tilbake til P-plassen.

Ein tur med flott utsikt. Og sjølv om det var overskya og litt tåkeregn, fekk vi ein fin tur. Det er ingen grunn til å la seg skreme av regnversmeldingar 🙂

Neste mandag tek vi også turen til ytre, og avreise vert som i dag, kl. 17.30.

Aktivitetar