Magne Haugens minnefond – tildeling

Sist søknadsfris var 15. august og det kom inn to søknadar. Ein av dei er ferdig handsama. Volda rideklubb fekk kr. 30.200 i tilskot for å arrangere gratis rideleir. Dei som ikkje har vore med før, skal prioriterast. Det er ikkje bestemt når rideleiren skal vere med endå, så følg med her eller på fb/insta om du synest dette ser spanande ut.

Takk til rideklubben for ein kjekk og positiv aktivitet! 🙂

Vi treng vi fleire opplysningar før vi kan handsame den andre søkanden.
I år har det blitt delt ut kr. 295 800 til ulike tiltak. Vi kjenner oss trygge på at Magne Haugen hadde sett pris på alle aktivitetane for barn og unge!

Neste søknadsfrist er 15. februar 2025. Lurer du på om du/din organisasjon kan søke?
Les om Magne Haugens minnefond her

Aktivitetar