Det kom inn rekordmange søknadar til Magne Haugens minnefond til fristen 15. februar.
Desse fekk støtte denne gongen:
- Den Norske Dokumentarfilmfestivalen: kr. 30.000 for å arrangere utekino og skape ei magisk filmoppleving under open himmel, der barn kan samlast for å nyte film i ein sosial og inkluderende setting.
- Ørsta skisenter: kr. 30.000 til utarbeiding av akeområde. Skisenteret ønsker å opparbeide og legge til rette for sikker aking.
- Skorgeura Grendalag: kr. 50.000 til bygging av gapahuk. Gapahuken vil vere ein samlingsplass og som vil kunne stimulere til uteaktivitetar
Vi fekk også inn ein søknad som skal handsamast av årsmøtet på grunn av høg søknadssum. Styret kan ikkje vedta tilskot på over kr. 250.000
Les meir om Magne Haugens minnefond her.
Søknadsfristar er 15. februar og 15. august