Friluftsliv for alle, året rundt
Vi starta opp 6. januar på flott skiføre. 18 damer møtte opp og kosa seg. Vi har plass til fleire, så det er berre å kome og bli med.
Veret kan endre seg fort, så sjekk voldaskisenter.no så ser du om det er ope.
Les her om dameskikveldane Kom åleine eller saman med andre damer og kos deg i bakken. Du er velkoma enten du er nybyrjar eller erfaren. Vi kan tilpasse farta i trekket og du får hjelp til å kome deg på.
Volda skisenter med sin hovudsponsor (Sparebank1 SMN) let oss bruke trekket gratis, så det einaste du skal betale er medlemskontingent på kr. 250 til Friluftsforeninga. (du får ein prøvegong før du bestemmer deg)
Vi er ein liten gjeng med «vakter», men vil gjerne ha med fleire. Kan du bidra nokre mandagskveldar i løpet av skisesongen, vil vi gjerne høyre frå deg. Du må vere trygg på ski, men treng ikkje vere superflink. Dette er sosialt og kjekt! Kontakt Eli-Mette Lüthcke, tlf.: 48258524 eller Runa Bakke, tlf.: 91621147