Friluftsliv for alle, året rundt
Reisa til adventsstjerna 30. november:
30. november får stjerna i Kalsethola lys og det vert lystog opp til Kalsethola. Lystoget startar frå tunnelopninga (Rotsethorntunnelen) kl. 17.30. Når toget kjem opp , vil Stjerna verte kveikt. Her er det fyr på bålpanna og det vert servert gløgg og peparkaker til alle som tek turen Du vel sjølv om du vil bruke fakkel eller lykt! VELKOMNE!
Nissetur til Prestesætra 8. desember
Bli med DNT Sunnmøre/Turboklubben i Volda til Prestsæterhuken for å helse på nissen. Nissen parkerer reinsdyra på ein hemmeleg stad og kjem til gapahuken ca. kl. 14.00.
Oppmøte: Alle som vil, kan gå saman med Turboklubben frå parkeringa ved Panoramavegen kl. 12 (Bergsvegen). Du kan også gå frå andre stadar, t.d. frå Håmyra og følge Presetsætrevegen
Ved gapahuken kan de kjøpe nissegraut, kokt på bål av nissen sine hjelparar (betal via Vipps). Meld deg på viss du vil kjøpe graut. Sjå arrangementet på fb for meir informasjon.
Ta med: ønskeliste til julenissen, sitjeunderlag, drikke og akebrett.
Turen er retta mot born og barnefamiliar, men alle er velkomne til Prestsæterhuken denne dagen. Det blir gode moglegheiter til å bli betre kjend med DNT og aktivitetstilbodet deira.