Mandagstur 30. september til Høgåsen

På årets siste mandagstur tok vi turen til Høgåsen frå tidlegare Hjartå skule. Det var meldt regn også denne mandagskvelden, men det vart det lite av. Oppe på Høgåsen tok vi ei pause i den flotte gapahuken, kosa oss med lefse, kakao og toddy, før vi vende nasa tilbake til start. Det mørkna undervegs, men med lykt var det ingen problem med å finne fram.

Vi såg massevis med traktkantarell og paddene vakna til liv i skumringa

Høgåsen er Stikk UT!-turmål. Du finn turomtale på morotur.no.

Aktivitetar