Foto: balestrandopp.com

Hausttur 2024 til Balestrand

Helga 30. august til 1. september gjekk årets hausttur til Balestrand. Vi vart til slutt ti turglade som tok turen og vi hadde ei kjekk og flott helg!

  • Fredag: Vi reiste til Balestrand til litt ulike tider og møttest til middag på Kviknes hotel om kvelden.
  • Laurdag: Turen gjekk til Raudmelen. Ein variert tur med ca. 900 meter stigning. Fine rasteplassar undervegs med flott utsikt over Sognefjorden! Vi svinga innom Dagsturhytta Balabu. Etter rast ved hytta som arkitektstudentar frå Bergen arkitekhøgskule hadde bygd på toppen, gjekk returen via Kallbakk. På den måten fekk vi ein fin rundtur. Før middag var det tid til avslapping, drøs og eit bad i Sognefjorden. Middag om kvelden var på Ballee restaurant, der vi fekk god mat og enorme dessertar.
  • Søndag kom med sol og skyfri. På grunn av ulik heimreiseveg delte turfølget seg. Dei fleste gjekk til Tjugatoten frå Dragsvik, medan to av oss tok turen til Hafstadfjellet frå Bekkjarvatnet ved Førde. Der vi m.a. møtte ein paragliderflygar på 87 år.. Flotte turar begge to!

Overnatting var på Midtnes hotel like ved St. Olafskirka. Denne kyrkja er eit særmerkt, flott bygg som er med i filmen «Frost».

Takk for turen!

I boka «Opptur Sogn og Fjordane», vert Balestrand omtala slik:
Balestrand er kjend som kunstbygda i Sogn og hit har kunstnarar valfarta i over 100 år, fasinert av fjord og fjell og dei særprega lystilhøva. Esefjella skal vere eit av dei mest måla naturmotiva i landet. Fjellformasjonane varierer frå slake fjell og dalar til alpint landskap med brear. Eit særpreg ved fjellturane er at alle rutene gir storfelt utsyn til Sognefjorden, Fjærlandsfjorden og Vetlefjorden.

Bilete frå turen til Raudmelen:

Aktivitetar